Tekst: Oddfrid Skrope Tenfjord, RVTS Midt
Seksuellatferd.no heiter den nye nettsida, som rettar seg mot alle som er i kontakt med barn og unge gjennom jobb eller frivillig arbeid. Nettsida er meint å støtte opp under barn og unge si gode seksuelle utvikling.
Tilpassa den enkelte
Langt dei fleiste har ei sunn utvikling, men utviklinga kan bli forstyrra eller skada. Mellom 30-50 prosent av seksuelle overgrep mot barn og unge er gjort av andre barn og unge. Mange av dei sluttar med slik åtferd, men nokon treng lengre oppfylging og behandling.
– Nettsida kan gi hjelp til å vurdere om åtferda ein ser er usunn eller ikkje, og til å avgjere kva som er god hjelp vidare, seier sexolog Birgit Hegge. Ho har vore med på å utarbeida nettsida saman med tilsette ved RVTS.
Hegge understrekar at det er viktig at hjelpa er tilpassa det enkelte barn sin situasjon.
– Vi veit at enkelte av barn og unge som viser skadeleg seksuell åtferd, sjølv er utsett for overgrep eller vald. Då vil ein del av hjelpa vere å stoppe overgrepa samstundes som ein hjelper barnet til ei sunn seksuell utvikling, seier Hegge.
Mange må spele på lag
Ho vektlegg at hjelpa må vere godt koordinert.
Ho utdjuper: -Det er av stor betydning å koordinere hjelpa mellom dei ulike involverte instansane. I mange saker vil dette gjelde samarbeid mellom skule, barnevern, barnehus og helsetenestene. Dersom ikkje, kan dette føre til at dei ulike behova barnet eller ungdommen har, ikkje vil bli møtt og den skadelege åtferda fortsette.
Grunnen til at så mange instansar må vere involvert er at sakene ofte er komplekse.
– Barnevernet kan bli varsla fordi ein er usikker på barnet sin omsorgssituasjon. Den seksuelle åtferda kan bli anmeldt, og då vil avhøyret av barnet eller ungdommen kunne foregå på barnehuset i regionen. Barne- og ungdomspsykiatrien kan få spørsmål om å gjere ei utgreiing av barnet, for å avdekke eventuelle kognitive og mentale vanskar. Barnehage eller skule vil som regel bli involvert fordi det er her barnet eller ungdomen tilbringer mykje av tida si utanom familien, seier Hegge.
Verktøyet Trafikklyset på nett
Nettsida inneheld ein oppdatert versjon av det pedagogiske verktøyet Trafikklyset, som til no kun har vore tilgjengeleg på papir. Trafikklyset deler seksuell åtferd inn i grønt, gult og raudt område.
– Grøn åtferd betyr at det ikkje er grunn til å uroe seg, men at voksne likevel må vere der for barnet slik at det kan halde fram med å vere trygt. Gul åtferd inneber at åtferda er potensielt problematisk. Voksne må derfor observere og veilede for å unngå at det blir problematisk eller skadeleg. Er åtferda på raudt område er den skadeleg og må korrigerast eller stoppast, forklarer Hegge, som er den som har oversett og tilrettelagt Trafikklyset til norsk. Og ho held fram: – Det viktigaste er at barnet eller den unge får hjelp til å etablere meir hensiktsmessige strategiar.
Seksuell åtferd på nettet
Nettversjonen av Trafikklyset inkluderer seksuell åtferd som foregår på nettet.
Sexolog Hegge utdjuper: -Barn og unge lever liva sine på nettet, og skil ikkje mellom nettliv og vanleg liv. Dette inkluderer den seksuelle utviklinga deira, og for mange er det positivt og fint. Så ser vi at det også kan bli vanskeleg, som til dømes når nokon kjenner seg tvinga til å sende nakenbilder eller lastar ned overgrepsmateriale.
Spør ekspertane
Trafikklyset er først og fremst ei hjelp til å forstå åtferda som den unge viser.
– Kva ein deretter bør gjera, vil også nettsida hjelpe deg med. Sida har kontaktinformasjon til dei mange konsultasjonsteama og faginstansane som har kunnskap om barn og unge med skadeleg seksuell åtferd, seier Marita Sandvik. Ho er leiar for konsultasjonsteamet i det regionale nettverket Rebessa i Trøndelag. Ho viser også til at alle RVTS har eigne fagpersonar som du kan kontakte dersom du har spørsmål eller treng å drøfte ei sak.
Kurs og retningslinjer
Forutan Trafikklyset har nettsida mange linkar til ulike relevante ressursar. Du vil også finne informasjon om implementeringa av Aim i Norge. Aim består av ulike verktøy for utgreiing og behandling av barn og unge med skadeleg seksuell åtferd.
I løpet av året vil det også bli lagt ut retningslinjer for korleis skular kan handtere skadeleg seksuell åtferd, og bidra til at barn og unge utviklar ein god og sunn seksualitet.
Frokostseminar
Onsdag 14. oktober planlegger flere RVTS å avholde et felles live frokostseminar med utgangspunkt i den nye nettsiden seksuellatferd.no. Arrangementet vil være gratis og åpent for alle, via streaming på Facebook. Følg med for mer informasjon!