Helsetilbudet til asylsøkere

Helsetilbudet til asylsøkere

Oppdatert informasjon fra Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og UDI

 

Helsetilbodet til asylsøkarar
Aktuell informasjon 20. januar 2016
 
Helseundersøking av asylsøkarar
Helsedirektoratet tilrår at kommunane tilbyr alle flyktningar og asylsøkarar ei helseundersøking innan tre månader etter at dei kjem til landet. Tilrådinga gjeld utan omsyn til kva type innkvartering eller mottak asylsøkaren bur på.
Kommunen har ansvaret for å organisere og finansiere lovpålagte og tilrådde helseundersøkingar av asylsøkarar og flyktningar. UDI bidreg til finansieringa gjennom vertskommunetilskotet og dekking av eigenbetalinga for pasientar som bur i ankomstsentre, akuttinnkvarteringar og i transittmottak. For meir informasjon om finansiering, sjå UDI om helsetilbod til asylsøkarar ogrettleiaren til Helsedirektoratet.
Eigendeler
Dei som bur i ankomstsentre, akutt innkvartering og transittmottak får ikkje dei same ytingane frå UDI som asylsøkarar i ordinære mottak. Sidan dei som regel ikkje har høve til å betale eigendel for helsetenester, dekker UDI eigendelen for asylsøkarane. Les meir om økonomiske ytingar i pengereglementet til UDI.
Utgifter til transport
For dei som bur i ankomstsentre, akutt innkvartering og transittmottak dekker UDI òg utgifter til naudsynt transport i samband med helsehjelp. For meir informasjon sjå rett til pasientreiser for asylsøkarar.
Rett til helsetenester
Alle som søker vern (asyl) i Noreg har same rett til helsetenester som andre innbyggjarar i landet. Dette gjeld frå det tidspunktet dei kontaktar norske styresmakter og søker om vern (asyl). Kva som kan vere mogleg utfall etter handsaminga av asylsøknaden har ikkje noko å seie for retten til helsetenester. Det er berre personar som har fått eit endeleg avslag på søknad om asyl som ikkje har full rett til helsetenester.
Nasjonalt råd for prioritering drøfter helsesjekk av flyktningar og asylsøkarar
Fredag 29. januar skal Nasjonalt råd for prioritering i helse- og omsorgstenesta drøfte korleis helseundersøking av flyktningar og asylsøkarar bør verte organisert. Rådet skal mellom anna ta stilling til når ei eventuell helseundersøking bør skje og kor omfattande den i så fall bør vere.
Kurs for legar om tuberkulosediagnostikk
Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har invitert radiologar og lungelegar til kurs i diagnostikk av tuberkulose med hjelp av lungerøntgen. Føremålet er å heve kompetansen i å tolke røntgenbilete av lungene og stille rask og sikker diagnose, slik at færrast mogleg vert sendt til etterundersøkingar som ikkje er naudsynte.
Kurset vert halde ved Dutch Reference Centre for Screening i Nijmegen http://www.lrcb.nl/
Dato for kurset er måndag den 25. januar, og det er framleis nokre ledige plassar. Kontakt Tone Bråthen Tone.Brathen@helsedir.no  
Det kan være aktuelt å setje opp fleire tilsvarande kurs om det trengst.
D-nummer til asylsøkarar
Alle asylsøkarar som kjem til ankomstsenteret i Råde får no tildelt eit D-nummer samtidig med at dei registrerar søknad om vern hos Politiets utlendingseining.
Frå veke 3 vil helsetenesta ved ankomstsenteret i Råde ta i bruk D-nummer i sine journalsystem. Det vil seie at alle journalar, epikriser og prøvesvar som vert sendt frå Råde framover, vil innehalde både DUF-nummer og D-nummer. Vaksiner som vert sett ved ankomstsenteret vert registrert i SYSVAK med D-nummer.  
Det vert jobba med ei løysing som vil gjere D-nummeret tilgjengeleg for helsetenestene.  
Når asylsøkaren har D-nummer, vil det gå raskt å få tildelt fastlege via HELFO, anten ved at asylsøkaren sjølv ringer 800HELSE (800 43 573 – tidlegare fastlegetelefonen) eller ved at mottaket hjelper med å søke fastlege ved å nytte samtykkefråsegn for asylmottak.   
Fylkesvise konferansar om psykisk helse hos asylsøkarar og flyktningar
Fylkesmennene og de regionale ressurssentra om vold, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging(RVTS-ane) er i gang med å planlegge fylkesvise konferansar om psykisk helse hos asylsøkarar og flyktningar.
Helsedirektoratet er opptatt av ei brei tilnærming til psykososial oppfølging og har bede om at det vert lagt til rette for dialog og utveksling av røynsler om gode tilnærmingsmåtar for dette arbeidet.
Konferansane vert arrangert i løpet av våren.
Video og presentasjonar frå nasjonal fagkonferanse for helsetenesta
Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet arrangerte den 16. desember 2015 ein nasjonal fagkonferanse om oppfølging av asylsøkarar når det gjeld helse. Konferansen vart strømma, ogvideo og presentasjonar frå konferansen er tilgjengelege.
Temaside for helsetenesta hos Folkehelseinstituttet
Folkehelseinstituttet har ei temasideom helse for asylsøkarar. Her finn du informasjon, råd og materiell som kan være til hjelp – blant anna om vaksinar, resistente bakterier og spørsmål omtuberkulose.  
Abonner på siste nytt om helse for asylsøkarar frå Folkehelseinstituttet
For å være sikker på at du får med deg den mest oppdaterte kunnskapen og råda frå Folkehelseinstituttet om helse for asylsøkarar, kan du abonnere på nyhendebrev.
Redusert tilkomst av asylsøkarar – framleis beredskap
Talet på asylsøkarar til Noreg er no omtrent på same nivå som det var våren 2015. Helsedirektoratet vil inntil vidare halde oppe beredskapen og fører vidare sin prosjektorganisering. Nasjonale styresmakter vil gå gjennom røynslene frå dei siste månadene slik at vi skal vere betre budd dersom talet på asylsøkarar aukar på nytt.
Har du spørsmål eller innspel?
Har du spørsmål til Helsedirektoratet eller Folkehelseinstituttet om helse for asylsøkarar, eller forslag til oss om korleis vi best kan hjelpe de i kommunehelsetenesta. Gje oss gjerne eit svar på denne eposten med innspela dine.
Nettsidene til Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og UDI vert jamt oppdatert.
Spørsmål om innhaldet i denne e-posten kan rettast til kommunikasjonsavdelinga i Helsedirektoratet ved Jo Heldaas på telefon 905 71 700 eller e-post jo.heldaas@helsedir.no